Prolog

Prolog ved åpning av Hanøy Samfunnshus

Eg står her så kry eg er reint betatt
det er som å ha vakna i ei beksvart natt
Sjå tussa og troll i kvar einaste krå
og tru eg er kommen i bergje det blå

Så blir det og kviskra kom her,
kom her skal du sjå,
og heldigvis eg er ikkje Jeppe
som vakna i rus på baronen sitt teppe.

For detta er et verkjela slott,
som er voksen fram av samhold og trått.
Bygd i frå grunnen av bygdas folk
og det på ein heller liten bolk.

Det var i 1981 og 1982
at ungdomslaget for alvor forsto
skulle vi et hus i bygda få,
dei ikke åleina kunne stå.

No hadde dei lengje nok levd i den trua,
for planen var eldre enn Askøybrua.
Tomten hadde dei, lun og stor,
det fantes knapt maken i sør eller nord.

So samla dei laga av alle slag og saman
valgde dei seg eit dugande styre,
men desse fekk jammen si fulla hyre,
fyst va da no vatten og so va da vei
og koloakken den va no slett ikkje grei.

Eg kan no nevna et lite prov
på to som låg ned ved sjyden og grov,
Åge han var i froskemannsdrakt
mens Frode oppe i båten sat vakt.

Følk som for framom, dei sa,
kva er detta for tull,
mens andre dei skjemta, skal tru dei fint gull.
Andre berre foraktlaus fnaus,
dei der to må no vist ha ein skrue laus.
Men dei fant no da dei lette etter til sist
og da va no bra, det er sant og vist.

Og alle i styret dei samlast no
dei gav ikkje opp og dei tok ikkje ro,
dei titt kom i saman, dei skreiv og dei søkte
om alt som låg opp i bakhøve og spøkte.

Møta vart månge og kveldane långe,
ja ofte dei varte til långt på natt
so når dagen den kom var dei trøtte og matt,
men eg har ikkje hørt at nåken har
sparken fått,
så når enden er god så er allting godt.

Og endeleg so gjekk da mot byggjestart,
no vart da spenning og no vart da fart.
Ein byggjeleiar dei måtte ha
og dei fekk ein kar som var retteleg bra.

Ja, han var no ikkje så bra heilt i bena
eller kroppen,
men han var no heilt perpekt opp i toppen.
Dugnadsgjengane møtte opp
og arbeidet gjekk utan minste stopp.

Anleggsmaskiner og store bilar,
durde i vei så da kunne hørast på långande
lei og byggjeleiar han passa på.
So ingen ting skulle gale gå.

Men bilane dei følte seg stonno litt fri,
vi burde hatt trafikkpoliti.
Ein lastebil heilt utan sjåfør,
ein dag la i vei, i et fela kjør.

Ei bobla som framfor i veien stod,
ho fekk seg ein dult, og dei for ut på tur
beggje to
og da blei ein riktig heisa tur,
dei stansa ikkje før dei møtte ein mur.

Og då va dei kommen heilt til sjøss,
og dar fikk boblo sin siste kyss.
Frode stod som meisla i stein,
da va vist so han ikkje grein.

Og da va no ikkje så løye, at han var stuss
han lengje måtte haika. eller ta buss.
Men når da først so gale skulle gå
so va da no eit hell at da ikkje va nåken på
veien te sjå.

Dugnadsgjengane store og små,
dei fortsett å kava på
og at vi på Hanøy har flinke folk utav
månge slag
det har vi fått vist her i dag.

Og hadde vi mykkje penga hatt
så burde dei mange medalja ha fått,
men da ligg ikkje før oss å skrika så stort,
og so er da vel da før vi meira får gjort.

Arrangements komiteen, den må vi
ikkje gløyma
for den har så vist ikkje hatt tid til å drøyma.
Støtt so va kassen i pengaknipa
og at alvoret spøkte da må alle begripa.

Stondo dei visste ikkje si arma råd
ka dei til sist skulle finna på.
Dei følte seg ofte som svoltne gribba
som for om kring å ville kver mann ribba.

Og når vi her på Hanøy var tomme for slant
dei gladeleg andre beitemarker seg fant.
Dei for rondt på Askøy dei smilte så glad,
folk kjøpte vel lodd for å få dei av stad.
Og om både bildekk og sko har blitt slitt
så får dei sola seg i at dei «kjendisa» er blitt.

Og so vil vi takka dei modige, kvinner og menn
som stridde for oss så vi smått om sen
fekk pengar litt her og litt der,
berre da et eventyr er.

For dersom du bur i ei utkantsbygd
så skal du helst venta til du får trygd,
då treng du ikkje fara i hytt og ver
dersom handelsmannen ikkje legg ner.
Alle skal sjølsagt vera med å baka,
men vi skal nå ikkje dela likt utav kaka.

Å syta å masa det pleie ikkje å nytta
er du ikkje tilfreds så kan du flytta.
Flytta til sentrum og bu i blokk,
då kan du saman meira lyfta i flokk.

Der e det så mykkje snakk om å byggja eit
drusteleg hus
så romma skal både mann og mus.
Et hus som kunne gje Askøy ry,
så da kan spørjast både i bygd og by,
men foreløpig er det no vist lagt på is,
for kommunekassen den har forlist.

Eg hugsar kva bestemor ofte sa
når det va nåke vi onga maste på vi sku ha,
med pengar skal ein varsomt vandla,
for det er når narret kjem til bydn at
kremmaren får handla

Etter som årena og dagane går
er det så mykkje eg ikkje forstår.
Detta fina ordet kultur
det skapast vel best om du trivst der du bur
og dersom utkants bygdene må forgå
korleis vert det med kulturen vår då?

Men eg er vel for gammal til slikt å forstå,
eg trur no at vi som på Hanøy bur
og har da fritt, i ein barsk natur,
vi kjem nok ikkje til å trivast i bur.

Nei, vi lyt nok fortsatt kava på,
no skal vi vist også barnehage få.
Vi har det for ansamt til å sittja å syte,
vi blir her på Hanøy, og vil ikkje byta.

Og so vil eg håpa at huset skal bli
ein stad der vi føler oss heime i.
Til nytte for store som vel for små
då vil vi løn for strevet vårt få.
Og eg ynskjer til lokka med kvardagar
og festar,
når vi er for soss sjøl og når vi har gjestar.

Gudrun Johansen

Legg igjen en kommentar